Annonser
Galåvolden Mydland Holm Gård Kveldemølle

Plan for 2024: En veg ut av blodbadet!

Om alt går etter planen, vert 2024 det året Vestavin går frå å vere eit sprøtt gründerprosjekt til ei bedrift som kan å stå på eigne bein. Avgjerande delmål for 2024: Få salet opp og i sving!

Tekst: Camilla Aasen, Vestavin

Mi vesle gründerbedrift har klart seg gjennom nok eit år! Ikkje berre har vi klart oss, bedrifta mi og eg, men vi har vakse, blitt sterkare og står betre rusta for å møte det kommande året enn vi gjorde då vi gjekk inn i det året som har gått. Eg seier vi, for ei gründerbedrift er ein symbiose av prosjekt og menneske. I alle fall i dette tilfellet er det slik. Eg, gründeren, står midt i alt og er den som set alle ting i bevegelse. Heldigvis med ein flokk gode støttespelarar rundt meg, men det er likevel eg som er motoren.

Første møte med blodbadet
I 2023 har Vestavin vada og svømt i blodbadet. Mitt første møte med blodbadet var på ein plansje på eit av dei tidlege kursa eg tok i entreprenørskap då eg først tok til å lefle som gründer i 2019. «Det er ikkje på grunn av at ideen er dårleg at dei fleste oppstartsbedrifter ikkje lykkast gjennom dei første fem åra. Det er blodbadet som tek knekken på dei», sa kurshaldaren, eller noko tilsvarande dystert. Enkelt sagt er blodbadet den kritiske fasen der du går tom for oppstartsmidlar før du klarar å tene nok eigne, nye pengar. Passande nok er det sommaren 2024 at Vestavin AS vert fem år, så dermed er tidspunktet for vinn eller forsvinn heilt etter boka.

Dei første åra sidan oppstarten i 2019, har det først og fremst handla om testproduksjon, utprøving i marknaden og produktutvikling. Eg, med nokre år som journalist bak meg og utdanna som sosialantropolog med spesialisering på Kina, har lært meg kva ulike koplingssystem og overgangar heiter, kva for snarvegar som fører til lange omvegar og korleis eit velfungerande likviditetsbudsjett ser ut, mellom anna. Eg har kursa meg i druetypar, vinstilar og vinmarker for å hente kunnskap og inspirasjon til mi nyskaping frå dei som har drive med noko tilsvarande i tusenvis av år. Eg har troppa opp med testvinar hos topprestaurantar og bede om smaking og tilbakemeldingar, og eg har fått den tidlegare vinsjefen ved det ein må kunne rekne som Norges flottaste hotell, Britannia Hotell, til å smake gjennom ei rekke produkt i ulike stadium av utviklinga fleire gongar. Når Henrik Dahl Jahnsen, femdobbel norgesmeister i vinkelnarfaget, seier det du kjem med har noko føre seg, er det ikkje berre vatn på mølla, det er heile fossen! Sjølvsagt har ikkje alle likt alt eg har vist fram for dei, men responsen har jamt over vore god og konstruktiv.

Fire vegar ut i verda
Så er det å få fart på dette salet, då. Når produkta er gode og interessa i marknaden er stadfesta, er det for ein alkoholprodusent som meg fire vegar for mine produkt ut i verda. Det første er sal til hotell, restaurant og catering, HORECA. Som produsent har eg allereie eit grossistløyve og har lov til å selje mine produkt til aktørar med fast skjenkeløyve, hvis eg både får kundane på kroken og klarar å få produkta mine dit.

Den andre vegen er vinmonopolet. Gjennom eit lite hierarki av ulike utval kan eg som produsent få høve til å selje mine varer, men det vanskelege er ikkje nødvendigvis å komme inn i desse utvala. Tilleggsutvalet, det lågaste i hierarkiet, og der mine produkt per no er lansert, er ope tilgjengeleg for alle med grossistløyve. Terskelen der ligg ikkje på polsida, men på avstanden mellom meg og polet.

Logistikk er ei utfordring HORECA og Vinmonopolet deler, og det er noko av det siste ein ivrig gründer med fossande vatn på mølla tenker skal vere eit vesentleg problem. I min naive optimisme har eg tenkt at det å få sendt varer hit og dit i rett tid ikkje kan vere så vanskeleg. Andre får det jo til?

Tja. Skal eg sende berre ein enkelt kasse med 12 vinflasker utanfor mitt nærområde kostar det meg frå 500 til 800 kroner, avhengig av kvar i landet den skal sendast. På neste hylle opp i polhierarkiet, bestillingsutvalet, må eg sende enkeltflasker. For å kunne vere på bestillingsutvalet er eg avhengig av å komme under vengene på ein større aktør, gjerne ein større grossist, som uansett sender varer i alle retningar, og der mi vesle flaske kan komme med på lasset utan vesentleg større kostnad. Ulempa med å vere så liten som eg er når ein har med grossistar å gjere, er at Vestavin er heilt ubetydeleg for dei, eigentleg meir ei ulempe enn noko anna. På den andre sida står dei som portvaktarar for meg, potensielt avgjerande for vippen mellom godt og gale for ei lita bedrift i blodbadet.

Taket er snart tett …
Den tredje vegen frå produksjon til kunde er gardsutsal. Som sider, kan fruktvin seljast frå staden det er produsert, gitt at produktet består av minst ein tredel eigenproduserte råvarer, og gitt at utsalet er ein del av eit heilskapleg tilbod og karakter. Difor kjøpte eg meg eit bratt, lite nedlagt småbruk i 2021 som er under oppbygging som Vingarden på Jølst. Taket er no så godt som tett, eg har fått opp skilt ved E39 langs Jølstravatnet, og utsalet er i sving med både mine eigne og andre lokale varer. For ein eigentleg litt ekstrovert gründer som har jobba veldig mykje åleine dei siste fem åra, er det herleg å få halde smakingar, stå i utsalet og ta imot grupper til omvising på garden. Eit eige utsal er dessutan befriande fritt for mellomledd og logistikkflokar, om enn avgrensa til dei kundane som faktisk er i området til rett tid.

Den fjerde vegen for mine produkt ut i verda er eksport, men det er per no berre ein ukjent strek på kartet som eg ikkje har utforska. Kva utfordringar og moglegheiter som ventar der, anar eg ikkje. Det blir kanskje utforska ein gong, men ikkje denne veka, eller dette året.

Det store som skjedde i 2023, var at både gardsutsalet og sal via Vinmonopolet kom i gang. Gardsutsalet kom så vidt i sving i sommar, men fann først verkeleg si form i førjulstida, med tillegg av varer frå andre lokale produsentar. Ein kan jo ikkje leve av fruktvin åleine. Samstundes vart fire produkt lansert på Vinmonopolet i desember, komplett med logistikkplan og eigen printer for fraktetikettar. HORECA-salet tikkar og går litt i rykk og napp, så på lista over store gjeremål i 2024 er det å få fart og finne system på dette høgt oppe, forhåpentlegvis med gode samarbeidspartar i ryggen. Så no er det berre for ein liten gründer å krysse fingrane og gjere sitt beste på alle frontar, så skal du nok sjå at det går.

2024 skal verte året det løsnar. Det vil framleis vere å gå i motbakke, men kanskje ikkje like bratt. Straumen av kontantar som renn ut skal ikkje lenger vere vesentleg større enn den straumen som går inn, for straumen inn skal svelle frå ein ujamn, liten stråle til ein klukkande bekk. 2024 skal også vere året eg får fleire hender og hovud med meg, og tek nokre gode steg i retning å bygge team og dermed betre balansen mellom gründer og bedrift. Det blir eit år eg blir endå betre på likviditet og kalkyler, for ein ting eg har innsett, er at god økonomistyring er som ei superkraft. Kan du styre dei livsnødvendige pengestraumane, kan du blåse liv i kva slags god ide som helst, nesten. 2024 skal eg framleis vere optimistisk og selektivt naiv i møte med nye utfordringar, eg skal halde fokus på ein ting om gangen så ofte det let seg gjere, og eg skal framleis sleppe taket i førestillingane om korleis eg trudde det kom til å bli eller kor lang tid eg trudde det kom til å ta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Nyhetsbrevet LokalMatnyttig

Få med deg bransjenyheter, nytt om kursene og annen aktuell informasjon fra Salgslaget AS. Du kan når som helst avslutte abonnementet dersom du ønsker det.

Meld deg på nyhetsbrevet